Den norske laksenæringa er prega av fleire berekraftsutfordringar. Ei av dei største utfordringane er infeksjonssjukdommar forårsaka av patogen som virus, bakteriar eller parasittar, og fører til både redusert fiskevelferd og produksjon. Tidlegare har avl vorte brukt for å skape dei mest robuste lakseindivida, med eigenskapar knytt til t.d. storleik eller motstandsdyktigheit mot sjukdom. Men avl tek lang tid, og det er ein risiko for nedarving av uønskte eigenskapar saman med dei ein er ute etter. Genredigering (CRISPR) kan potensielt vere eit verktøy for å framskunde avl, og bidra til å løyse sjukdomsutfordringane. Ved å ta i bruk genredigering kan ein gjere målretta endringar i genomet til organismen, til dømes i gen knytt til immunsystemet. I TUNESAL prosjektet ønsker vi å gjere nettopp dette for å skape ein meir robust oppdrettslaks med betre fiskehelse og -velferd. CRISPR teknologien har sidan den vart oppdaga vore revolusjonerande innanfor genredigering, men på tross av dette er det framleis mange begrensningar ved metoden. I dag er prosessen med å slå ut gen (knock out, KO) godt etablert i mange artar, men å setje inn gen (knock in, KI), har vist seg å vere vanskelegare. I TUNESAL prosjektet vidareutviklar vi genredigering i laks, slik at prosessen vert meir effektiv og anvendeleg, med det endelege målet om å gjere oppdrettslaksen meir robust. For å forbetre CRISPR-mediert KI har vi utført ulike modifikasjonar av protokollen. Til dømes har vi inkubert genredigerte lakseembryo ved ulike temperaturar, brukt kjemikaliar som skal fremje KI, eller injisert på ulike cellestadiar. Vi har også undersøkt effekten av å slå ut gen knytt til immunsystemet hos laks. Vi har slått ut to gen, Mx2.2 (kodar for eit antiviralt protein) og Mxra8 (kodar moglegvis for inngangsporten til salmonid alphavirus (SAV), agens for pancreas disease (PD)). Den genredigerte laksen har blitt brukt i smitteforsøk med SAV for å sjå om motstandsdyktigheta har blitt endra. Det er ikkje berre KO eller KI av gen som er av interesse. Finjustert opp- eller nedregulering av gen kan vere med på å regulere ein immunrespons. Vi har difor undersøkt effekten av å modifisere sekvensar av genomet som er involvert i genregulering. Her fann vi at ved å øydelegge enkelte sekvensar som var med på å ned-regulere proteinuttrykket, så vart proteinuttrykket forsterka. Våre siste resultat frå dei nevnte forsøka vil bli presentert og diskutert, og vi håpar at dei vil bidra til å generere informasjon om immunsystemet og sjukdomsresistens i laks. Framtidig implementering av genredigering i oppdrettslaks kan forhåpentlegvis brukast til å skape ein robust laks med auka motstandsdyktigheit mot sjukdom og dermed betre fiskehelse. På denne måten kan genredigering bidra til å skape eit meir berekraftig matprodukt. Globalt sett blir det stadig fleire slike produkt tilgjengelege på marknaden, og det er av interesse at den norske laksenæringa også er med på utviklinga.