Globalt er den naturlege fiskeribestanden utnytta maksimalt, og det er lite rom for auka uttak både direkte til humant konsum og til industrifisk eller reduksjonsfiske for produksjon av fôr. Ei auke av akvakulturbasert matvareproduksjon vil derfor krevje andre fôrråvarer enn tradisjonelt fiskemjøl og fiskeolje, til dømes lågtrofiske marine ressursar som blåskjel. Blåskjel kan dyrkast langs Norskekysten, tek opp næringsstoff frå miljøet, og kan slik bidra til sirkulær matproduksjon i havet. Produksjonspotensialet er rekna for å vere større enn det som er relevant for humant konsum, men det er også stor sesongvariasjon i næringssamansetjing, slik at gode konserveringsmetodar er nødvendige for å produsere ei fôrråvare med høg ernæringsmessig kvalitet. I dag består om lag 12% av fôret til laks av marint protein, noko som utgjer om lag 240 000 tonn. Blåskjel er rekna som ei god proteinkjelde i fiskefôr, men tidlegare forsking har også vist at både prosesserings- og konserveringsmetode er avgjerande for ernæringsmessig kvalitet og utnytting av næringsstoff. Formålet med dette prosjektet er å undersøke om lågtrofiske lokale marine råvarer som blåskjel kan eigne seg i fôr til laks. To fôringsforsøk har blitt utført for å undersøke om ensilert blåskjel og blåskjelmjøl kan brukast i fôr til laks. I det første forsøket vart laks (200g) gitt fôr med aukande mengde ensilert blåskjel (referansefôr 0, 3, 7, 11%) i ti veker, samt eit fôr med 12% blåskjelmjøl. Resultata frå dette forsøket viste at vekst og fôrutnytting blei redusert med aukande inkluderingsnivå av ensilert blåskjel (dose-respons). Det var derimot ikkje lågare vekst eller fôrutnytting ved samanlikning av referansefôr, 11% ensilasje og 12% blåskjelmjøl. Det var ingen skilnad i fôrinntak (som % av biomasse), eller fordøyelegheit av feitt og protein. Fisken gitt fôr med blåskjelensilasje hadde derimot lågare jernstatus ved avslutting til tross for aukande mengde jern i fôret. Dette forsøket blei fulgt opp med eit nyleg avslutta forsøk der moglege forbetringar i prosesseringa av blåskjelensilasje blei undersøkt. I dette forsøket fekk laks (120g) fire eksperimentelle fôr som inneheldt 9% blåskjel prosessert på ulike måtar i sju veker. Resultata vil bli presentert med fokus på produksjonsparameter som fôrinntak, vekst og fordøyelegheit, samt opptak av næringsstoff og velferdsparameter.